Svein Terje Eide frå Nordvegen GK vann A-klassen etter omspill. Foto: Knut Atle Seim
Svein Terje Eide frå Nordvegen GK vann A-klassen etter omspill. Foto: Knut Atle Seim

Parkettgruppen WCT 2021

Parkettgruppen WCT er ei turnering som går på 6 ulike golfbanar på Haugalandet, Stord og Sauda. Veldig trivelig å samla golfspelarar på tvers av Golfklubbar og kommunegrenser. 29 spelarar kom på besøk til Sauda og fleire av desse tok ei overnatting i tillegg. Med dagens perfekte golf-vêr var det bare trivelig å kunne slå av ein prat om ventetida blei for lang. WCT er delt inn i tre klassar. A-klassen er brutto slag (utan handicap), B-klassen netto slag (handicap trekt frå) og C-klassen er Stableford (poeng). I A-klassen blei det spennande til siste slutt, og det måtte omspel til på hol 18 for å kåre vinnaren. Det var også ein Longest Drive-konkurranse for både damer og herrer på hol 4, og Closest to pin på hol 9. Torunn Nonslid og Erlend Rød hadde dei lengste slaga, mens Tor Vorraa var nærast pinnen.

Egil Bakke frå Sauda GK kom på andre plass i B-klassen. Bak frå venstre står Thomas Sørensen, Kjetil Haara Aarthun og Trond Carsten Øye. Foto: Knut Atle Seim
Ei gruppe med lokale spelarar i B-klassen. Frå venstre Erlend Rød, Watthana Arsapakdee, Odd Ness Tveit slår ut og Trygve Ramsnes. Foto: Knut Atle Seim

A-klassen (18 spelarar)

1. Svein Terje Eide, Nordvegen GK 65 slag

Torbjørn Sandhåland, Karmøy GK 65 slag

3. Tor Vorraa, Nordvegen GK 68 slag

Kjetil Haara Aartun, Sauda GK 68 slag

5. Terje Hodne, Sauda GK 69 slag

 

B-klassen (11 spelarar)

1. Steve Robin Rossland Andersen, Nordvegen GK 55 slag

2. Egil Bakke, Sauda GK 59 slag

3. Trond Carsten Øye, Sauda GK 64 slag

Erlend Rød, Sauda GK 64 slag

5. Odd Ness Tveit, Sauda GK 66 slag

 

C-klassen (20 spelarar)

1. Trygve Barfot, Stord GK 40 poeng

2. Torunn Nonslid, Haugaland GK 39 poeng

3. Nils Andreas Myhre, Stord GK 38 poeng

4. Odd Bjelland, Haugaland GK 37 poeng

5. Bjørnar Wanneberg, Haugaland GK 36 poeng

andre Turneringer i 2024

Bilde av fire golfere med premier.
Åpningsturnering 2024

Årets første turnering blei spilt 14. april i ganske greit vær, tross dårlige meldinger og vått vær i dagene før. Det blei spilt Greensome parturnering med 37,7% lag-handicap, med Stableford format. Premier til topp to plasser som blei Eva K Lien/Egil Bakke på andre med 35 poeng, og Even Lønseth/Leander Øvrebø på første med 38 poeng. Gratulerer til Even og Leander! 12 spillere deltok, så mulig flere som ikke hadde fått med seg årets første turnering allerede åpningshelga. Uansett kjekt å være i gang en halv måned før fjorårets start, og turneringssesongen fortsetter nå med faste onsdagsturneringer fremover. Neste hovedturnering er en «Flaggturnering» 1. mai.

...
Til toppen