Årets klubbmeistrar frå venstre Watthana Arsapakdee, Erik Husebø, Sigrid Isberg Klyve.
Årets klubbmeistrar frå venstre Watthana Arsapakdee, Erik Husebø, Sigrid Isberg Klyve.

Klubbmeisterskap 2021

Det var deltakerrekord på årets Klubbmeisterskap i Sauda Golfklubb denne helga. Kanskje det var den gode vermeldinga som gjorde utslaget. Uansett var heile 40 spelarar klar for å kjempe om tittelen når påmeldingsfristen var ute fredag kveld. I Golfbox har me resultater tilbake til 2014, det har i snitt vore 28 spelarar sidan då. Ekstra gledelig i år var det at 4 juniorar var påmeldt, i tillegg til 7 damer og 29 herrar.

Klubbmeisterskapen går over to dagar, med 18 hol kvar dag. Formatet er slagspel, her har ingen hjelp av handicap. Spelaren som brukar færrast slag vinn.

Det er gjort ein formidabel dugnadsinnsats i det siste og golfbanen viste seg frå si beste side. Vêret var og  framifrå, fin temperatur, sol og vindstille. Alt låg med andre ord til rette for ei strålande golfhelg.

Det var god stemning og mange smil, sjøl om dei store resultata uteblei første dag.  Tittelforsvarar frå i fjor både i dame- og herreklassen, sleit med å finne formen. Men då var det rom for at andre kunne ta leiinga. Klubbmeister frå 2015 Sigrid Isberg  Klyve gjorde det skarpast av damene, med Solveig Arnøy på andre plass. I herreklassen var Mads Åmot på topp saman med Erik Husebø. Åmot var med i klubbmeisterskapen for første gong, medan Husebø har tittelen frå 2018. I juniorklassen var det ganske ferske spelarar. Watthana Arsapakdee gjorde det best og leia med to slag på Jørgen Ljostveit etter første dag. Søndag fortsatte  Arsapakdee å spele godt, starta med par på dei tre første hola og fekk eit større forsprang som Ljostveit aldri klarte å ta igjen.

Erik Husebø spelte godt på søndag og rykka frå Åmot, som fekk altfor mange slag på hol 3 og 4. Det gjorde at han ramla fleire plassar ned på lista og Jonn Ove Olsen klatra opp på 2. plass.

I dameklassen hadde Klyve eit godt utgangspunkt og leia med 4 slag. Ho tok vare på forspranget, men det var litt meir kamp om dei andre pallplassene. Arnøy holdt lenge stand, men drog på seg for mange slag mot slutten. Line Hoftun Amdal tok dermed 2. plassen.

 

Leiar i golfklubben Bente Kristin Rafdal delte ut premiar og takka alle for frammøte og god innsats. Turneringsansvarleg Ton Zweedijk fekk velfortent påskjønning for det gode arbeidet han gjer.

 

Resultater

Junior (4)

1.    Watthana Arsapakdee 156 slag

2.    Jørgen Ljostveit 167 slag

3.    Mathias Bergsbakk 196 slag

 

Dame (7)

1.    Sigrid Isberg Klyve 177 slag

2.    Line Hoftun Amdal 185 slag

3.    Hilde Hodne 188 slag

4.    Solveig Arnøy 188 slag

 

Herre (29)

1.    Erik Husebø 146 slag

2.    Jonn Ove Olsen 149 slag

3.    Kjetil Haara Aartun 150 slag

4.    Thomas Sørensen 150 slag

5.    Trond Carsten Øye 151 slag

6.    Erlend Rød 154 slag

7.    Mads Åmot 155 slag

8.    Odd Erik Egge 157 slag

9.    Waldemar Olsen 159 slag

10.  Knut Atle Seim 162 slag

 

Referent

Line Hoftun Amdal

Turneringer i årets sesong

Gruppe golfere med premier
Greensome parturnering på palmesøndag

Bra deltakelse med 32 spillere og 16 lag i dagens parturnering 13. april. Formatet var Greensome (begge slår ut, deretter annenhver slag) med tildelte slag ut fra 1/3 av sammenlagt handicap, og Stableford scoring. Fire lag kom seg under sitt par med mer enn 36 poeng. Premiering gikk til topp tre lag, der Jonn Ove Olsen og Erik Husebø kom på tredje med 39p, Ida Wahl Jensen og Terje Hodne tok andre plass med 40p, og seier til Watthana Arsapakdee og Erlend Rød som hadde 43p. Gratulerer til vinnerne, og god golfpåske!

Alle resultater her: Resultater

...
Vinnerlaget f.v. med Tore, Gunnar, Solveig og Ingve.
Åpningsturnering 2025

Sesongens første turnering blei spilt søndag 23. mars, i fint vær med tosiftet tall på gradestokken, tross noe vind. 30 spillere deltok på Texas Scramble, fordelt på 8 lag. Mange lave scorer blei det med 40% sammenlagt lag-handicap, slagspill netto format med fratrekk for lagets tildelte slag. De fire beste lagene endte med -12, -13 og -15 slag etter 18 spilte hull. Vinnerlaget på -15 netto (-6 brutto) bestod av Solveig Arnøy, Ingve Landsnes, Tore Eeg og Gunnar Trettenes.

Kjekt å være igang både med tidlig sesongstart og turneringsspill!

...
Til toppen
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.