Golf putting på green.
Knut Atle Seim puttar medan lagkamerat Svein Fløgstad studerer linja.

Strålande midtsommernatt

Fredag 28. juni var det tid for årets midtsommernatt-turnerning i Sauda Golfklubb. 21 spelarar var samla til lystig lag og uformelle konkurransar. Alle blei møtt med ein velkomst i glaset, i eit festpynta klubbhus. Hilde Hodne stod for dekking og pynt, og drøsen gjekk godt mens me kjente godlukter frå kjøkkenet. For å auke appetitten starta me med litt moro på hol 9. Det var god stemning og mye latter. Før sjølve turneringa var det samling igjen i klubbhuset med mat og quiz. Gunnar Trettenes stod for nydelig mat og Knut Atle Seim hadde laga ein kjekk quiz.

21 spelarar var samla til lystig lag og uformelle konkurransar.

Turneringa var ein Texas Scramble for lag over 9 hol. 7 lag med 3 spelarar på kvart lag gjekk mette i magen til kvart sitt hol og satte i gang. Det er fantastisk å kunne spele golf etter solnedgang ein sein fredag. Makalause forhold rett og slett. Desserten venta når me kom inn igjen, og så blei det spennande å rangera vinnarane. Underteikna hadde problem med tellinga og tre lag måtte ha omspel om andreplassen på hol 9. Etter to rundar omspel var det framleis likt mellom dei tre laga og ein valgte då eit slag som skulle avgjere. Sven Åge Arnøy fekk closest to pin og kunne ta imot andrepremien saman med lagkameratane Gunnar Trettenes og Bente Dolmen Wigelius. Ved finrekninga i etterkant var dette laget eit slag under dei andre to likevel.

Resultater:

  • Svein Fløgstad, Knut Atle Seim, Line Hoftun Amdal - 30 slag
  • Sven Åge Arnøy, Gunnar Trettenes, Bente Dolmen Wigelius - 32 slag
  • David Opedal, Hans Wigelius, Solveig Arnøy - 33 slag
  • Stig Amdal, Erling Næss Øye, Sigrid Klyve Isberg - 33 slag


Turneringskomiteen

Line Hoftun Amdal

andre Turneringer i 2024

Bilde av fire golfere med premier.
Åpningsturnering 2024

Årets første turnering blei spilt 14. april i ganske greit vær, tross dårlige meldinger og vått vær i dagene før. Det blei spilt Greensome parturnering med 37,7% lag-handicap, med Stableford format. Premier til topp to plasser som blei Eva K Lien/Egil Bakke på andre med 35 poeng, og Even Lønseth/Leander Øvrebø på første med 38 poeng. Gratulerer til Even og Leander! 12 spillere deltok, så mulig flere som ikke hadde fått med seg årets første turnering allerede åpningshelga. Uansett kjekt å være i gang en halv måned før fjorårets start, og turneringssesongen fortsetter nå med faste onsdagsturneringer fremover. Neste hovedturnering er en «Flaggturnering» 1. mai.

...
Til toppen